Om klubben

Om oss:

Stord karateklubb vart stifta i 1991 og har hatt hovudaktviteten sin i gymsalen på Tjødnalio skule sidan 1991. 

 

Me er tilslutta Japan Karate Accosiation Norway (JKAN) og trener tradisjonell JKA Shotokan karate. Me er óg tilslutta Norges Kampsportforbund og Norges Idrettsforbund. 

 

Me trener fast 3 dagar i veka (sjå timeplan). Treningane er lagt opp til at alle aldrer kan trene samstundes, slik at vaksne til dømes kan trene saman med ungane sine.

 

Har du trent karate tidlegare og har litt lyst å starte på igjen, er du sjølvsagt velkomen til treningane våre. Om teknikkane er litt "rustne", gjer det det ingenting. Du kjem raskt inn igjen det.

 

Me deltar òg på ulike konkurransar. Nokre er for dei yngre og kallast Shotocup. For dei vaksne har me NM og JKA Open.