Det nærmar seg sommarleir, og i år som i fjor er me avhengige av dugnadshjelp for å få leiren til å gå rundt.
Denne dugnaden er den største inntektskilda til klubben vår. Det er den einaste dugnaden me har i klubben. Difor er er det viktig at alle tek ansvar for si oppgåve, sjølv om ein ikkje deltar på / har meldt seg på sommargasshukuen.
Dersom du ikkje kan utføra tildelt oppgåve, må du prøve å byta eller delegere det til nokon andre.
Alle medlemene i klubben skal vere førde opp på lista. Om det er nokon som ikkje står på lista, eller om du (eller foresatt) kan gjere ein ekstra innsats, så ver snill og ta kontakt med Trude Syltevik på tlf. 410 43 454
Gi òg beskjed dersom de absolutt ikkje kan stille, eller ynskjer å byte oppgåve.
Sjå vedlagde PDF for oversikt over tildelte oppgåver.