Me i Stord karateklubb tek gjerne imot nye som ønskjer å trene karate frå og med tysdag 24. august. Møt opp ferdig skifta og klar til trening kl. 18.00 i gymsalen på Tjødnalio skule. Du treng ikkje noko spesielle klede anna enn vanleg treningsklede. Drakt kan du få kjøpt etterkvart.
Treningstidene for skuleåret 2021/22 er som følger:
Tid | Måndag | Tysdag | Torsdag | Fredag |
18.00–19.00 | Brunt* og svart | Nye og gule | Nye og gule | |
19.00–20.00 | Oransje til lilla | Oransje til lilla | Alle (egentrening) | |
20.00–21.00 | Brunt og svart** | Brunt og svart** |
* På måndagstreningane må dei med brunt som ønskjer å vera med avtale det med hovudtrenar.
** Juniorer med brunt kan trene mellom 19.00 og 20.00 på tysdag og torsdag. Dei har eigen instruktør.
Treningane på fredagar er egentrening og det vert opplyst på facebook dei fredagane det er slik trening
Alle treningane føregår i gymsalen på Tjødnalio skule.
Les òg gjerne vår infofolder for hausten 2021: