Stord karateklubb ynskjer alle som har lyst til å prøve tradisjonell karate velkomne tysdag 23.august. Det er berre til å møte opp i vanlege treningsklede kl. 18 i gymsalen på Tjødnalio skule. Det unike med våre treningar er at born og vaksne trenar saman. Nedre aldersgrense er årskull 2012. Viss foreldra er med og trener kan borna vere yngre. Me tilbyr 2 veker GRATIS trening fram til 6.september. Kom innom då vel, til ein prøvetime/prat. Dersom du har spørjemål, ta gjerne kontakt md oss på post@stordkarateklubb.no.