Endeleg fekk me moglegheit til å reisa til Sandnes og konkurrere att, sist gong var i 2019. Frå klubben stilte Frode, Kristoffer, Jørund og Blanka. Sunniva konkurrerte for Fjell karateklubb denne gongen. Alle utøvarane våre fekk gå fleire gongar på tatamimatta, noko som dei syntes var kjekt. Dei med farga belte stilte både i kyu klassar og i opne klassar. Jørund var klubbens debutant og sjølv om det gjekk litt hardt for seg i frikumite, vart det ei positiv oppleving. Kort oppsummert er me i klubben veldig stolte over innsatsen og prestasjonane. Det resulterte i 9 medaljar (4 gull, 1 sølv, 4 bronse). Klubben stilte med tre dommarar: Kjærland sensei, Grutle senpai og Julie.
Tusen takk til Lura karateklubb for eit flott gjennomført stevne.
Her finn de fullstendig medaljeoversikt: SET-ONLINE Kampsport (sportdata.org)