Under juleavslutninga blei 13 år gamle Yonas kåra til årets karateka (ka=utøvar på japansk)

Dette er ein anerkjennelse som Kjærland sensei gir til ein utøvar som har hatt stor teknisk framgong gjennom året, samt vist god karateånd.

Yonas har løfta karaten sin dette året både teknisk og kraftmessig. Han er dedikert, visar stor interesse ved å delta på treningssamlinger og ekstratreninger. I haust deltok han på cupen på Stord  med godt resultat (gull i kata). Treninga han legg ned, blei belønna med bestått gradering til 3.kyu (brunt belte) sist helg.

Yonas byrja hjå oss ni år gamal og har sidan den gong vore ein energibunt med godt humør. Me gler oss til å følge framgangen hans vidare. Heile klubben gratulerar!