Under NKA sin vintergasshuku i Sandnes graderte Blanka til shodan (fyrste svarte belte). Sensor var Nemoto sensei 6. dan JKA HQ. Trenarteamet vårt er stolte over at Blanka var ein av den tredjedelen shodankanditatar som bestod.

På måndag hadde me høgtideleg kuro obi (svartbeltesermoni) for Blanka. Då fekk Blanka overrakt det synlege beviset av Kjærland sensei. Etterpå vart ho feira med deilig kake.

Blanka byrja å trene hjå oss berre sju år gamal og det er stas at ho no 14 år gamal gjennomfører shodangraderinga på ein solid måte. Det speglar at treningsinnsats gjev resultat. Me vonar at det svarte beltet vil motivere ho til å utvikle karaten  sin vidare.