Haustgasshuku og gradering i Sandnes 2023

Alle instruktørane våre deltok på NKA sin haustgasshuku 1.-3. desember. På laurdagen var det klart for Dan-graderingar med Nemoto sensei 6. dan JKA HQ i spissen av sensorane. Vår kjære instruktør Frank graderte til Nidan (andre svarte belte). Klubben gratulerer so mykje! Det var gode treninger heile helga og neste gong satser me på at…

Lanseringstilbod 30% klubbutstyr

Klubben har inngått avtale med Craft om overtrekksjakker og anna klubbutstyr. Forhandler er Proffsport. Ekstraordinært lanseringstilbod frå 16.10.23 – 23.10.23. I denne perioden vil de få 30% rabatt ved å bruke kodeord SKK30. Bestillinga skjer direkte på klubben sine sider hjå Proffsport. Lenke til proffsport: https://proffsport.no/collections/stord-karateklubb-1 Ved spørjemål kan ein kontakta Trude Syltevik på tlf. 41043454…

Shobu ippon open og shobu ippon cup 30.sept 2023

30. september var det konkurranse i Sandnes både for erfarne utøvarar (Shobu ippon Open) og dei litt mindre erfarne (Shobu ippon cup). Me stille totalt med seks utøvarar: Kristoffer, Sunniva, Blanka, David, Luka og Eirin. Kjærland sensei stilte som dommar. Alle våre utøvarar kunne reise heim med velfortjent edelt metall. 11 medaljer totalt (5 gull,…

Inntak av nybyrjarar hausten 2023

Me synes det er kjekt å kunne dele at me atter ein sesong byrjar med nybyrjarkurs for små og store. Her vil de få ei innføring i tradisjonell karate som vil by på nye, utfordrande opplevingar. Karatetrening er positivt fordi det er god trening for både kropp og det mentale. Målet er ikkje å bli…

Internasjonalt stevne 27.mai 2023 Rimini, Italia

Norwegian Karate Association reiste med 8 utøvarar til internasjonalt stevne i Rimini, Italia. Frå klubben deltok Henriette og eg (Sunniva). Kjærland sensei var med som supportar.   Reisa ned var noko for seg sjølv. Me vart vekte midt på natta med sjokkbeskjed om at flyet vårt var kansellert. Men vår tapre reiseleiar, Arild Kolstad, ofra…

Shobu ippon cup 7.mai 2023

Stord karateklubb stilte med åtte utøvarar på Shobu ippon cup i Bergen: Henriette, Sunniva, Blanka, David, Yonas, Ask, Luka og Eirin. Me ser god utvikling blant utøvarane våre. Dei har høgt nivå teknisk i kata og i kumite er dei nokre tøffingar. Fleire av dei kjem seg til finalane og får vist fram kva dei…

JKA EM 2023

1.april deltok NKA sit landslag i JKA EM i Sveits. Med på laget var Kristoffer og eg (Sunniva). Begge debuterte i seniorklassen (21+). For Kristoffer var det andre gong han var med i senior-EM, sist i Irland 2016. For min del var det fyrste gong for det òg. Kristoffer deltok i kata og kumite, eg…

NM 2023

Foto: Mjåtvedt Årets NM var 18.mars i Sandslihallen, Bergen. Det var fem utøvarar som representerte klubben: Julie, Danita, Blanka, Yonas og David. Dei to siste nemde debuterte i NM. På tatamimatta møte dei flinke utøvarar og dei viste at det er utfordrande å » fighte» ein stordabuar. Klubben er veldig stolt over innsatsen og arbeidet…

Shobu ippon cup 19.feb 2023

Stord karateklubb stilte med seks utøvarar på årets fyrste cup: Kristoffer, Blanka, Yonas, Ignacy, Frøya og Eirin. Frøya og Eirin var klubbens debutantar og klarte seg kjempebra. Ignacy og Yonas fekk for fyrste gong konkurrert i frikumite og det meistra dei. Eirin deltok i den yngste klassen der det ikkje blir ført resultatliste. Ho fekk…