Stord karateklubb stilte med seks utøvarar på årets fyrste cup: Kristoffer, Blanka, Yonas, Ignacy, Frøya og Eirin. Frøya og Eirin var klubbens debutantar og klarte seg kjempebra. Ignacy og Yonas fekk for fyrste gong konkurrert i frikumite og det meistra dei. Eirin deltok i den yngste klassen der det ikkje blir ført resultatliste. Ho fekk gå mange gode omgongar på tatamimatta. Medaljefangsten var utroleg imponerande med totalt 10 medaljar (3 gull, 4 sølv, 3 bronse). Alle utøvarane fekk to medaljar kvar! Klubben stilte med tre dommarar: Kjærland sensei, Frank og Julie. Sunniva representerte Fjell karateklubb under cupen.