Foto: Mjåtvedt
Årets NM var 18.mars i Sandslihallen, Bergen. Det var fem utøvarar som representerte klubben: Julie, Danita, Blanka, Yonas og David. Dei to siste nemde debuterte i NM. På tatamimatta møte dei flinke utøvarar og dei viste at det er utfordrande å » fighte» ein stordabuar. Klubben er veldig stolt over innsatsen og arbeidet utøvarane legg ned for å nå dei gode prestasjonane.
Medaljefangsten blei:
- Yonas fekk sølv med ein imponerande Tekki Shodan (kata menn 12-13 år kyu).
- Blanka, sølv etter ein tøff kamp (Kumite kvinner 14-15 år åpen)
- Julie kom i semifinale i kata og endte på ein 7. plass (kata kvinner 18+ åpen)
I tillegg deltok óg våre medlemer Kristoffer og Sunniva som representerte henholdvis Lura KK og Fjell KK denne gong:
- Kristoffer blei norgesmeister i kata, fekk bronse i kumite og sølv i lag kata. Dette resulterte i pris for beste mannlege utøvarar!
- Sunniva fekk sølv i lagkata og sølv i lagkumite
Flotte utøvarar, heile gjengen, og gode representantar for klubben. Gratulerer alle saman.
Kjærland sensei stilte som dommar.
Klubben takkar for god lagleiing av Trude og Julie.
Fullstendig resultatliste: