1.april deltok NKA sit landslag i JKA EM i Sveits. Med på laget var Kristoffer og eg (Sunniva). Begge debuterte i seniorklassen (21+). For Kristoffer var det andre gong han var med i senior-EM, sist i Irland 2016. For min del var det fyrste gong for det òg. Kristoffer deltok i kata og kumite, eg i kumite. Me var spente på korleis det skulle gå i eit stevne med over 200 deltakarar, fordelt på 23 nasjonar.

I kata gjekk Kristoffer vidare i fyrste innleiande mot ein utøvar frå Monaco. Neste runde var jamn og hjørnedommarane viste to raude og to kvite flagg. Diverre avgjorde hovuddommaren det til motstandaren sin fordel, slik at Kristoffer røyk ut.

I kumite møte Kristoffer ein hardtslåande tysker og det resulterte i tap, samt blåveis. Min motstandar var ein utøvar frå Ungarn som òg var hardtslåande. Ho fekk to advarslar mot seg og kampen gjekk ut på tid. Sidan motstandaren hadde fått ein wazari, gjekk ho vidare.

Julie fekk tillit frå landslagsleiinga og fekk i oppgåva å vere hjelpe-coach. Denne oppgåva tok ho på strak arm og var til god støtte for utøvarane.

NKA-laget nådde diverre ikkje heilt opp denne gongen, so medaljane uteblei. Ida frå Stange KK blei beste norske i kata med ein 5.plass i seniorklassa. Stemninga i laget var god og me ser fram til å ta med oss erfaringane til neste konkurranse.

Takk til landslagssjef Sundvor sensei og assisterende landslagssjef Janette Hansen for støtte og tillit! Takk og til resten av den norske delegasjonen som heia oss fram!