Norwegian Karate Association reiste med 8 utøvarar til internasjonalt stevne i Rimini, Italia. Frå klubben deltok Henriette og eg (Sunniva). Kjærland sensei var med som supportar.  

Reisa ned var noko for seg sjølv. Me vart vekte midt på natta med sjokkbeskjed om at flyet vårt var kansellert. Men vår tapre reiseleiar, Arild Kolstad, ofra nattesøvnen og fiksa det slik at me rakk konkurransen tidsnok. Faktum var at me ikkje var komne lengre enn til Gardemoen etter 11 timer på reise, noko som var so pass tragisk at me ikkje kunne anna enn å le. Etter 22 timar på reisefot, kunne me endeleg legge oss ned i dobbeltsengar (med eit laken på deling som dyne… ). Vel vitande om at dette blei ei natt med mindre enn seks timars søvn.

Konkurransen byrja klokka ti. Fyrst ut var teamkata. Her deltok eg saman med landslagskollega Silja og Isabell. Me greide å kvalifisere oss til finalen med Jion. So endte teamet på fjerde plass med Sochin, like bak eit lag frå Italia. I aller fyrste runde i kata individuelt var Henriette. Ho sette standaren for oss norske med ein solid Bassai Dai. Diverre tapte ho likevel. Eg sjølv rauk ut etter andre runde.

I kumite møtte eg ein rutinert motstandar som kjente sin «angrepsavstand» betre enn eg kjente min. So sjølv om eg fekk kontra ho på det siste angrepet hennar, så hjalp det lite so lenge ho var fyrst inne. Seinare tok ho eit fortent gull i klassa. I team kumite (same laget som i kata) var me veldig revansjelystne, samt inspirert av landslagskollega Heidi som nyleg hadde vunnet bronsemedalje i 40+ klassa. Her skulle me sette oss i respekt. Me tapte 1-2 mot Holland og enda dermed i bronsefinale mot eit Italia-lag. Då det var min tur innpå tatamien var stillinga 1-1. So no var det viktig å vere fyrst inne. Eg var påskrudd og det gav uttelling. Det blei bronse på laget!

Etter konkurransen rakk dei som ynskja det, å nyte strandlivet og bassenget ved hotellet. Seinare på kvelden var det sayonara-party. Her var det verkeleg liv med DJ og greie. Til tross for at nokre heldt ut lenge enn andre, so rakk me alle transporten klokka 7.15. Me var spente på om heimreisa skulle gå som planlagt tidsmessig. Heldigvis gjekk det bra denne gongen. 

Takkar for ein ca 60 timers lang intensiv tur, med mange inntrykk og felleskapskjensle gjennom overtrøytte påfunn/humør. Set stor pris på reiseleiar, coacher og supportarar som har trua på oss og gir oss utviklingsmoglegheiter. Det skaper endå meir motivasjon til å gjere eit grundig treningsarbeid.