Stord karateklubb stilte med åtte utøvarar på Shobu ippon cup i Bergen: Henriette, Sunniva, Blanka, David, Yonas, Ask, Luka og Eirin. 

Me ser god utvikling blant utøvarane våre. Dei har høgt nivå teknisk i kata og i kumite er dei nokre tøffingar. Fleire av dei kjem seg til finalane og får vist fram kva dei kan. Våre utøvarar er óg flinke til å ta vare på kvarandre med å heie og coache. Nok ein positiv dag i hallen som lovar godt for framtida.

Klubben stilte med to dommarar: Kjærland sensei og Svein. Sunniva representerte Fjell karateklubb under cupen.  
Tusen takk til Gullfjell karateklubb med vel gjennomført stevne!