Me synes det er kjekt å kunne dele at me atter ein sesong byrjar med nybyrjarkurs for små og store. Her vil de få ei innføring i tradisjonell karate som vil by på nye, utfordrande opplevingar. Karatetrening er positivt fordi det er god trening for både kropp og det mentale. Målet er ikkje å bli betre enn andre, men at alle kan utvikle seg i sitt tempo.

Oppstart for nybyrjarar er tysdagar og torsdagar frå 29. august. Treningane er frå klokka 18 til 19. Kanskje har du og/eller poden tenkt at karate hadde vore kjekt å prøve? Me tilbyr gratis trening i 2 veker. Treningane våre passar for alle som fyller 9 år i løpet av kalenderåret og eldre. Karatetrening er ein fin familieaktivitet og partia våre er difor på tvers av aldersgruppene. Dette gir eit unikt klubbmiljø.

Er du i tvil? Kom likevel. Vi vil gjerne bli kjent med deg og fortelle deg kva ekte tradisjonell karate er. 

Spørjemål kan sendes her: post@stordkarateklubb.no