
30. september var det konkurranse i Sandnes både for erfarne utøvarar (Shobu ippon Open) og dei litt mindre erfarne (Shobu ippon cup). Me stille totalt med seks utøvarar: Kristoffer, Sunniva, Blanka, David, Luka og Eirin. Kjærland sensei stilte som dommar.
Alle våre utøvarar kunne reise heim med velfortjent edelt metall. 11 medaljer totalt (5 gull, 3 sølv og 3 bronse) Me gratulerer so mykje! Nok eingong har utøvarane våre vist at dei har høg standard på karaten sin. Klubben gleder seg til å følge utviklinga vidare!
Takk til Lura karateklubb for eit vel gjennomført stevne.