Under juleavslutninga blei 16 år gamle Karoline kåra til årets karateka (ka=utøvar på japansk). Dette er ein anerkjennelse som Kjærland sensei gir til ein utøvar som har hatt stor teknisk framgong gjennom året, samt vist god karateånd.
Karoline byrja å trene i klubben hausten 2017 og har frå dag ein alltid vore fokusert. Dette året har ho vist stor treningsiver. Ho jobbar grundig med tilbakemeldingane noko som resulterer i at teknikken hennar har vorten veldig rein. Sist helg gjennomførte ho ei veldig god gradering til 1.kyu (brunt belte). Klubben gratulerer med ein velfortjent anerkjennelse!