Kanskje DU har lyst til å prøve karate 空手 i det nye året? DU kan prøve karate 空手 på Stord karateklubb sitt nybyrjarkurs! Det er GRATIS prøvetrening i 2 veker!

Der vil de få ei innføring i tradisjonell karate som vil by på nye, utfordrande opplevingar. Karatetrening er positivt fordi det er god trening for både kroppen og det mentale. Målet er ikkje å bli betre enn andre, men at alle kan utvikle seg i sitt tempo. I tillegg til å få betre kroppskontroll, vil ein få innsikt i japansk respekt, eit symbol på den er bukking (rei, れい).

Årets fyrste trening (keiko hajime, 稽古はじめ) for nybyrjar er tysdag 16.januar. Det vil vere løpande opptak kvar tysdag og torsdag gjennom heile vinteren. Treningane er frå klokka 18 til 19 i gymsalen på Tjødnalio skule. Treningane våre er for alle som fyller 9 år i løpet av kalenderåret (frå 3.klasse) og eldre. Dersom yngre born har lyst til å trene kan me ta ei vurdering dersom dei har foreldre som er med og trener. Karatetrening er ein fin familieaktivitet og partia våre er difor på tvers av aldersgruppene. Me har både sysken og foreldre-barn som trener. Dette gir eit unikt klubbmiljø.

Er du i tvil? Kom og prøv!

Spørjemål kan sendes her: post@stordkarateklubb.no

This is where the adventure begins

Tim Halperin

Det er fantastisk om det vil hjelpe oss å dele at me har oppstart av nybyrjarkurs