På søndag var det cup for store og små på Vikahaugane. Frå klubben deltok ein fin gjeng: Yonas, Kristoffer, Eirin, Henriette, Trine, Blanka, Abelone, Emma, Yoel, Sunniva, Karoline, Malene, Tiril og Frøya. For fleire var dette fyrste gong dei prøvde seg på tatamimatta – dei var nok ekstra spente . Veldig kjekt at å sjå alle i aksjon! Det var stor spreiing i alder, men dette var slett ikkje til hinder for god dynamikk i gjengen. Innsatsen var stor og det vart mange flotte prestasjonar. Totalt blei det heile 16 medaljar (3 gull, 6 sølv, 7 bronse).
Klubben stilte med Svein og Frank som dommarar. Kjærland sensei var stevneleiar. Blanka var med på nivå 1 dommerkurset same helga.
Fullstendig resultatliste: