Laurdag 9.mars i Bugårdshallen, Sandefjord, gikk startskotet for klubbens åtte utøvarar: Malene, Blanka, Tiril, Karoline, Sunniva, Julie, Kristoffer og Henriette. Kudos til våre brunbeltarar som hadde sin NM-debut. Alle gjorde ein formidabel innsats. Dette resulterte i gode prestasjonar som gjorde at klubben blei samanlagt den femte beste klubben av 28 deltakande klubbar!

  • Karoline: Norgesmeister kata kyu kvinner 16+
  • Tiril: Sølv i kata kvinner kyu 16+
  • Kristoffer: Norgesmeister kata menn 18+ open (elite klassa), Bronse i kumite menn 18+ open (elite klassa). Dette resultere i Bestemannsprisen for herrer. Det er eit utroleg sterk resultat spesielt mtp. at det er ein kopi frå sist NM.
  • Norgesmeistrar lag kata damer til Sunniva, Julie og Henriette

Me er veldig stolte og gratulerar. So vonar me dagen i hallen gjev motivasjon til vidare utvikling. Det er utruleg kjekt å sjå at utøvarane våre er flinke til å ta vare på kvarandre både når det kjem til oppturar og nedturar. Eineståande gjeng å reise med!

Klubben set óg pris på den gode jobben Trude gjorde som reiseleiar/lagleiar og fotograf. Frå klubben stilte Grutle Senpai som dommar.

Under er nokre ord skrivne av våre tolmodige junior etter den lange 11 timers dagen i hallen:

Det var veldig kjekt å få vere med på NM. Det var ein long men og kjekk dag med ein flott gjeng, og eg gler meg til neste gong.

Malene

Sjølve dagen varte jo lenge, syns da va ganske så bra gått av meg i kata. Lagkataen med Malene og Karoline gjekk så bra så den aldri har gjort. Kumitekampen er eg stolt over sjølv om eg ikkje gjekk vidare, men eg stod på likevel. Syns da er så fantastisk gøy når me reise som ein stor gjeng og støtte kvarandre.

Blanka

NM var ein veldig kjekk opplevelse, og ekstra kjekt var det når resultata var bra! Utrolig kjekk gjeng å reise med

Karoline

Resultatliste SINM 2024