Inntak av nybyrjarar hausten 2023

Me synes det er kjekt å kunne dele at me atter ein sesong byrjar med nybyrjarkurs for små og store. Her vil de få ei innføring i tradisjonell karate som vil by på nye, utfordrande opplevingar. Karatetrening er positivt fordi det er god trening for både kropp og det mentale. Målet er ikkje å bli…

Internasjonalt stevne 27.mai 2023 Rimini, Italia

Norwegian Karate Association reiste med 8 utøvarar til internasjonalt stevne i Rimini, Italia. Frå klubben deltok Henriette og eg (Sunniva). Kjærland sensei var med som supportar.   Reisa ned var noko for seg sjølv. Me vart vekte midt på natta med sjokkbeskjed om at flyet vårt var kansellert. Men vår tapre reiseleiar, Arild Kolstad, ofra…

Shobu ippon cup 7.mai 2023

Stord karateklubb stilte med åtte utøvarar på Shobu ippon cup i Bergen: Henriette, Sunniva, Blanka, David, Yonas, Ask, Luka og Eirin. Me ser god utvikling blant utøvarane våre. Dei har høgt nivå teknisk i kata og i kumite er dei nokre tøffingar. Fleire av dei kjem seg til finalane og får vist fram kva dei…

JKA EM 2023

1.april deltok NKA sit landslag i JKA EM i Sveits. Med på laget var Kristoffer og eg (Sunniva). Begge debuterte i seniorklassen (21+). For Kristoffer var det andre gong han var med i senior-EM, sist i Irland 2016. For min del var det fyrste gong for det òg. Kristoffer deltok i kata og kumite, eg…

NM 2023

Foto: Mjåtvedt Årets NM var 18.mars i Sandslihallen, Bergen. Det var fem utøvarar som representerte klubben: Julie, Danita, Blanka, Yonas og David. Dei to siste nemde debuterte i NM. På tatamimatta møte dei flinke utøvarar og dei viste at det er utfordrande å » fighte» ein stordabuar. Klubben er veldig stolt over innsatsen og arbeidet…

Shobu ippon cup 19.feb 2023

Stord karateklubb stilte med seks utøvarar på årets fyrste cup: Kristoffer, Blanka, Yonas, Ignacy, Frøya og Eirin. Frøya og Eirin var klubbens debutantar og klarte seg kjempebra. Ignacy og Yonas fekk for fyrste gong konkurrert i frikumite og det meistra dei. Eirin deltok i den yngste klassen der det ikkje blir ført resultatliste. Ho fekk…

Inntak av nybyrjarar våren 2023

Me synes det er kjekt å kunne dele at me atter ein sesong byrjar med nybyrjarkurs for små og store. Kanskje har du og/eller poden tenkt at karate hadde vore kjekt å prøve? Tysdag 10. januar og torsdag 12. januar klokka 18 har dykk sjansen. Me tilbyr gratis trening i 2 veker. Treningane våre passar…

Årets karateka 2022

Under juleavslutninga blei 13 år gamle Yonas kåra til årets karateka (ka=utøvar på japansk) Dette er ein anerkjennelse som Kjærland sensei gir til ein utøvar som har hatt stor teknisk framgong gjennom året, samt vist god karateånd. Yonas har løfta karaten sin dette året både teknisk og kraftmessig. Han er dedikert, visar stor interesse ved…

Kuro obi sermoni

Under NKA sin vintergasshuku i Sandnes graderte Blanka til shodan (fyrste svarte belte). Sensor var Nemoto sensei 6. dan JKA HQ. Trenarteamet vårt er stolte over at Blanka var ein av den tredjedelen shodankanditatar som bestod. På måndag hadde me høgtideleg kuro obi (svartbeltesermoni) for Blanka. Då fekk Blanka overrakt det synlege beviset av Kjærland…