Til kvart belte er det eit pensum som utøvarane skal utføre på best moglegvis til gradering framfor sensor. Sensor er ein svartbeltar med graderingslisens anten ekstern eller intern. Graderingspensum finn det her: JKA Pensum.

Somme av klubbens svartbeltarar har filma demovideoar for alle fargebeltene. Trykk her for å sjå dei: Demo. Dersom det er spørjemål til pensum rettes det til instruktør på trening.

Før sumarferien i juni og før jul i desember vil det vere mogleg å prøve å gradere seg til nytt belte. Alle nybyrjarar byrjar med kvit belte. Kva belte ein skal gradere seg til fyrste gong avhenger av alder samt nivå. Dei aller yngste omtrent opp til sjuårsalderen graderes til kvit med raud stripa. Borna som er litt eldre omtrent opp til tolvårsalderen grader til kvit med gul stripe. Utøvarar som er eldre enn dette kan direkte prøve på gult belte.

Dersom utøvarar er flittig til å gå på trening samt har forventa utvikling kan gradere seg kvart halvår til dei fargabeltene. Før ein kan prøve seg på det fyrste svarte belte skal det gå minimum eitt år sidan siste gradering samt at ein skal ha godkjenning frå hovedinstruktør.

Beltefargar

Farge
Grad
Kvit (nybegynnarar) 0. Kyu
Kvit med raud stripe
10. kyu
Kvit med gul stripe
9. kyu
Gult 8. Kyu
Orange 7. Kyu
Grønt 6. Kyu
Blått 5. Kyu
Lilla 4. Kyu
Brunt 3–1. Kyu
Svart 1–10. Dan