Eg heiter Blanka Mazik og er født i 2008. Eg begynte med karate i 2015. Eg går på vg1 på Saghaugen på studiespesialiserande. Eg hadde leita lenge etter ein sport som passa meg, så traff eg på karate. Første gong eg kom til trening kjente eg at dette var noko for meg og siden da har eg trivest veldig godt med karate. Det eg likar best er at ein aldri blir ferdig med å lære av karate. Det er så respektfulle, hyggelige folk rundt og med oss på trening. I desember 2022 tok eg 1.dan ( fyrste svarta belte). Allereie i Januar 2023 blei eg invitert til å trene med landslagstammen. Det var veldig stas å vera med på. Synes det er veldig kjekt å instruere/ hjelpeinstruere i klubben, lære andre noko nyttig og gi frå seg kunnskap. Å vere instruktør er og ei kjekk utfordring, synes eg. Dåke ser meg på alle torsdagstreningane 🙂