Henriette byrja på karate i 1998. Hennar fokus og treningsmentalitet resulterte i at ho bestod shodan (fyrste svarte belte) berre 12 år gamal. Allereie som 13-årring deltok ho i VM.
Konkurransar har vore ein stor del av Henriette si karatesatsing. Det har blitt mykje edelt metall opp igjennom åra. Etter koronapandemien kunne Henriette vere stolt av å gjere comeback på landslaget. Kva ho får til på konkurransearenaen i framtida blir spannande å følge med på. Det er ikkje tvil om at hennar ekstreme konkurranseinnstinkt og treningsiver kan kome godt med.
Samstundes med konkurranseopptrappinga byrja Henriette å instruere hjå oss. Dette er ei rolle som passar ho godt. Her får ho delt treningsglede og erfaringar. Henriette byr ofte på økter med høgt tempo.
Dangraderinger:
- Shodan 2003
- Nidan 2013
- Sandan 2020