Julie Tranvåg Syltevik, 2. dan

Eg er født i 1997. Hausten 2009 byrja eg å trene karate. Det var veslesyster mi som drog meg med på den fyrste karatetimen, noko eg er svært glad for no i etterkant. Sidan då har eg trena aktivt i Stord karateklubb, og eg stortrives vel så mykje i dag som då eventyret byrja. Sumaren 2015 graderte eg meg til 1.dan og i desember 2018 graderte eg til 2.dan.

Eg går for tida på årsstudium i idrett/kroppsøving på HVL. Det som driv meg til å halde på med karate, er gleda over å kunne fortsette og utvikle meg som utøvar. Det er kjekt å kunne hjelpe andre til å oppnå den same gleda som eg har fått gjennom idretten.

Kurs JKA Norway:

  • Nivå 1 Instruktør
  • Nivå 1 Dommar