Hovudinstruktør i klubben, 5. dan.
Kjærland Sensei har trena karate i nærare 35 år og vore hovudinstruktør i Stord Karateklubb sidan klubben vart starta i 1991. Han har òg tidlegare vore president i JKAN. Presidentrolla hadde han når organisasjonen endå var ung. Dette tyder at han var med på å byggje opp JKA karate i Noreg. Kjærland Sensei har beltegraden godan, eller 5. dan (det femte svarte beltet). Kjærland sensei er medlem av teknisk komité i Norwegian Karate Association.
Kjærland Sensei er instruktør for dei som har 7. kyu–Dan (orange–svart belte). Han er oppteken av å utvikle utøvarane sine og å få dei sjølve til å forstå korleis dei skal verte betre. Gjennom alle dei åra Kjærland sensei har drive Stord Karateklubb, har han lagt mykje tid ned i klubben, det gjer han framleis.
Stord Karateklubb er heldige som har ein flink og kunnskapsrik hovudinstruktør. Sensei lærer frå seg med eit glimt i auge. Treningane hans er ofte harde og med høgt tempo, men samstundes instruerer han på ein forståeleg og artig måte.
Dan graderingar:
Yondan 2009
Godan 2019
Nasjonale JKA lisensar:
Dommar: Nivå 3
Gradering: Nivå 2
Instruktør: Nivå 3
Internasjonale JKA lisensar:
Dommar: D
Gradering: D
Instruktør: D
Kontaktinformasjon:
Telefon: 97013499
E-post: leif.arne@stordkarateklubb.no