Sunniva Yong Tranvåg Syltevik, 2. dan

Eg er fødd i 2001. I 2009 byrja eg på karate ilag med systera mi og ei veninne. Allereie på fyrste treninga fekk eg blod på tann. Det eg likar best med karate, er at treninga er variert og utfordrande for både kroppen og hovudet. Eg synes og det er gøy at ein alltid kan utvikle seg til å bli betre.

Eg graderte til 1. dan i desember 2014 og til 2. dan i juni 2017. I august 2015 gjestetrena eg for fyrste gong med landslaget, og sidan mars 2018 har eg vore ein del av landslagstammen. Eg byrja som hjelpeinstruktør i klubben i 2016. Då eg blei spurt om å instruere, svarte eg ja med ein gong. Det høyrdes spanande og utfordrande ut. Eg synes det er kjekt å instruere, samstundes som det utvider forståinga mi av karate.

Eg går på Stord Vidaregåande Skule, på studiespesialiserande line og realfagleg fordjupning.

JKA Norway utdanning:

  • Nivå 1 Dommer
  • Nivå 1 Instruktør