Stord karateklubb vart stifta i 1991 og me har hatt vår hovudaktivitet i gymsalen på Tjødnalio skule i alle år. Me er den største klubben i Sunnhordlandsregionen. Klubbens hovudinstruktør har vore Kjærland sensei sidan oppstart.

Me er tilslutta Norwegian Karate Association (NKA) og trener tradisjonell JKA Shotokan karate. Me er òg tilslutta Norges Kampsportforbund og Norges Idrettsforbund.

Me trener fast 3 dagar i veka, sjå Timeplan. Treningane er lagt opp slik at alle aldrer kan trene samstundes og dermed kan foreldre trene saman med borna sine. I klubben har me bredde og me streber for at utøvarar, uansett alder og nivå, skal kjenne på både idrettsglede og meistring. 

Sidan oppstart har klubben oppnådd å gradere fleire svartbeltarar, både unge og godt vaksne. I konkurransar har utøvarane våre gjort gode prestasjoner og tatt både NM-titlar og internasjonale medaljar. Me har fleire landslagsutøvarar som er aktiv på landslaget til NKA. 

Har du trent karate tidlegare og har litt lyst å starte på igjen, er du sjølvsagt velkomen til treningane våre. Om teknikkane er litt «rustne», gjer det det ingenting. Du kjem raskt inn i det att. Me snakkast på trening, ikkje sant?

Sumarleir Stord 2022

Organisasjonsnr. 985 479 763