Me trenar tradisjonell JKA Shotokan karate. Me har delt opp gruppene etter nivå.

Første gruppa er nye og dei med gul stripe/gult belte. Denne gruppa har to instruktørar slik at dei heilt nye har eigen instruktør.

Den neste gruppa er dei med oransje til og med lilla belte, og den siste er dei med brunt og svart belte.

Har du lyst å prøve karate tek du kontakt med oss, eller møter opp på Tjødnalio skule. Alle får prøvetrene utan å måtte betale eller bli medlem.

Treningstider

Måndag
Tysdag
Torsdag
Fredag
18.00–19.00
Brunt* og svart Nye og gule Nye og gule Alle (egentrening)
19.00–20.00
Oransje til lilla Oransje til lilla
 20.00–21.00
Brunt og svart** Brunt og svart**

 

* På måndagstreningane må dei med brunt som ønskjer å vera med avtale det med hovudtrenar.

** Juniorar med brunt kan trene mellom 19.00–20.00 tysdag og torsdag. Dei har eigen instruktør.

Treningane på fredagar er egentrening og det vert opplyst på Facebook dei fredagane der det er slik trening.

Treningstidene kan du laste ned her.

Treningslokale

Me trener i gymsalen på Tjødnalio Skule.